Forestillinga gir eit innblikk i korleis det kan ha vore å leve og bu på ein industristad i Norge på 1930-tallet. Vi er på Salhus Tricotagefabrik i 1936. Her møter vi den unge Gunnar som heller vil flørte med damene på spoleloftet enn å arbeide i karderiet. Vi bror til Gunnar, Ragnvald, som strir med sin sjuke son. Han har fått tuberkulose, og kona Gudrun må slutte på fabrikken for å ta seg av minsteguten. Ragnvald går til disponent Clausen for å be om tillegg, men vil Gunnar sin oppførsel gå utover Ragnvald sine moglegheiter for å få tillegg?
I stykket møter vi skulebarn, syersker, kardarar og spinnarar, formenn og disponent Clausen sjølv – og mange andre som arbeider på tekstilfabrikken og bur i Salhus med sine draumar og utfordringar.
Stykket passar for heile familien, og er spanande for barn frå ca. 6-års alderen. Kafeen er open ein time før forestillinga startar.
Tekst og regi: Lars Voss Sørhus
Musikk: Lars Sveinung Lid
Skodespelarar: Tor Christian Bleikli, Irene Ahnèll, Harald O.Nødtvedt, Beate Rostin Wexelsen, Andreas Holt, Kristin Rongevær, Cato Jensen, Margareth Hosøy, Anne Rose Westervik, Kirsti Mjøs, Ivar Hopland, Idar Løvlid, Johannes Voll Kollstø, Kjersti Straume, Hilde Alvær, Brith Hansen, Steinar Erstad, 4. og 5. klasse ved Salhus skole, m. fl.
– See more at: http://www.muho.no/norsk-trikotasjemuseum/vi-er-ikke-kommet-til-jorden-noe-gjestebud#sthash.0tfRaNmq.dpuf
© 2014 Cato Jensen. All Rights Reserved. Levert av ON Media